Damene rykker ned til tredje divisjon
Etter ein lang dag på rankingturnering i Bjørnholthallen rykker Myrerdamene ned i tredjedivisjon neste sesong. Det var dessverre ingen ekstrabonus for å holde ut 12 timer på rankingturnering, med første kamp klokka 10:00 og siste kamp ferdig 21:30…. I løpet av ein lang dag mista me spelarar etterkvart og spelte siste kampen, kamp nummer to mot Heggedal, med fem spelarar. Og ettersom alle andre på turneringa var gått heim, det var mørkt i hallen, dommaren var utslitt og knapt kunne stå oppreist og Heggedal ikkje hadde lyst til stort anna enn å dra heim denne laurdagskvelden, slo me til med uventa bra spel og tok kampen til tre sett, bare for å understreke kor sporty me er.
Alle fem kampane me spelte i løpet av den lange dagen endte med tap, trass mykje godt spel og nokre vunne sett. Det mangler likevel dei harde avslutningane og det siste av offervilje og laginnsats på opplukking som skal til for å vinne kampene. Me endte til slutt på 17. plass og rykker dermed direkte ned i tredje divisjon. Men, tatt i betraktning det nye seriesystemet er det duka for ein divisjon med jamnare motstand for oss neste år, og med den gode utviklinga me har hatt blir det ein spennande sesong!
Ingen kommentarer
Ingen kommentarer så langt.
RSS-strøm med kommentarer til dette innlegget. TrackBack URI