Eit sett vunne trass usportsleg ramme i Skreiahallen

Søndag 24.januar tok Myrerdamene turen til yndige Skreia for å spela to kampar på rappen og dra heim att til ymse avtaler i Oslo. Problemet var at Sentrum hadde fått akkurat same lovnadene, og etter heftig diskusjon frå alle lag tilstades trakk Myrer det kortaste strået og fekk eit par timar ekstra venting i Skreiahallen. Det var no so at arrangørane hadde rota med opplegget då dei skulle flytta kampen i herrer 1-divisjon, men at Skreia-herrene var så usporty som tilskodarar og funksjonærar var uventa. Frå publikum, linjedommarar og sekretariat kom det usportslege kommentarar som gjorde stemninga skikkeleg tung.

MEN! Etter å ha tapt for Sentrum med begredelige 14, 15 og 7 poeng i ein kamp der nettet må ha vore uforholdsmessig høgt eller hatt ein ballmagnet i seg, gjorde alt det usportslege rundt banen sitt til at damene tok seg sammen og jammen skulle visa at me kunne spele volleyball. Og med ny strategi der liberoen tok over etter det første upresise forsvarsspelet nokon gjorde, vann me jammen meg eit sett mot Skreia og viste mykje bra spel. Svanhild hadde ei nydeleg serverekke og det var mykje bra jobbing på golvet. Settsifra vart 25-19, 19-25, 25-22 og 25-16, og lover bra for dei siste kampane for sesongen.

Med til Skreia: Marianne, Tessa, Svanhild, Grete, Hilde, Margreta og Lene

Ingen kommentarer

Ingen kommentarer så langt.

RSS-strøm med kommentarer til dette innlegget. TrackBack URI

Legg igjen en kommentar

WordPress Themes