Så var me i gong igjen!

Etter juleribbe og anna kos spelte damelaget første kampane i 2010 i Kringsjåhallen lørdag 16.januar. Motstandarane var Lier og Koll 3 som ligg ganske langt frå oss på tabellen, men det skremte ikkje oss. Me har ikkje så mykje å tape…. Mot Lier var det hardt å koma i gong, sjølv om det var stabil framgong frå sett til sett, frå 6 til 11 til 16 poeng… Det er vanskeleg å setja fingeren på nøyaktig kva som ikkje fungerte – det er betringspotensiale på alle område. Me glimta til med bra spel innimellom, men det var ikkje nok i denne omgang.

Koll 3 er dei me har tatt vårt einaste sett mot, og det var nok forventningar om at me kunne ta eitt igjen. Og frå første servene leda me faktisk med 4 poeng. Men sjølv om innsatsen var betre og me holdt oss stabilt til to-sifra poengsummar denne gongen, 16 – 12 – 16, tok me ikkje noko sett. Kluss med rotering førte til at me mista unødvendig mange poeng, og det hjalp heller ikkje at Randi tråkka over midt i ein supersmash og måtte forlate banen. Men det var gode takter med gode blokker  og mykje god jobbing, sjølv om basisgreier som mottak og rotering burde sitja betre etterkvart… No – dette var oppvarminga, til helga i Skreia blir det betre!

WordPress Themes