Årets siste kampar overstått
Med Rank 2 i Engebråthallen og ein siste kamp mot Skreia heime i Kjelsåshallen er dei siste kampane for 2009 overstått. Rankingturneringa starta godt med siger i det første settet mot Koll 3. Me vann ikkje fleire sett den dagen, men var likevel godt nøgde med innsatsen – mykje bra spel og god stemning! Igjen hender det at me ligg godt an i byrjinga av settet, eller kjemper inn nokre poeng mot slutten, men taper likevel med knapp margin. Det var likevel gode takter og det lover bra for 2010 om ikkje julefeiringa tar altfor hardt på… Kampen mot Skreia kom mandagen etter rankingturneringa og satte punktum for 2009 med hederlig innsats men likevel eit siste tap.