Best innsats på dugnad
For å få ein positiv overskrift er det best å fokusere på godt oppmøte på dugnaden mandag 16.november, då me ved hjelp av klapping og jubelrop i Store Studio tjente 2600 kroner til klubbkassa! Bra innsats alle sammen!
Sjukdom og fråvere har ført til kreativ lagoppstilling i dei tre siste kampane. I Halden 7.november tapte me 0-3 mot både Bislett og Halden, men stemninga var god, og to-leggarsystemet fungerte betre enn ein kanskje skulle tru etter at gymtime-systemet blei nedstemt.
Torsdag 19. tok me imot Lier på heimebane i treningstida, men av ein eller gong var det lavere under taket enn det pleier å vera på trening… Sjukdom førte til kreativitet i oppstillinga her og, og kreativiteten spredde seg både til mottak, opplegg og avslutningar. Me fekk 10 poeng i begge dei første setta, men i tredje sett slo me til og leda frå det første poenget. Til slutt endte me likevel på 17 poeng, men det var tydeleg at samspelet betra seg utover i kampen og det er potensiale. Me kan i alle fall bare klatre på tabellen!
Ingen kommentarer
Ingen kommentarer så langt.
RSS-strøm med kommentarer til dette innlegget. TrackBack URI