Etter ein lang dag på rankingturnering i Bjørnholthallen rykker Myrerdamene ned i tredjedivisjon neste sesong. Det var dessverre ingen ekstrabonus for å holde ut 12 timer på rankingturnering, med første kamp klokka 10:00 og siste kamp ferdig 21:30…. I løpet av ein lang dag mista me spelarar etterkvart og spelte siste kampen, kamp nummer to mot Heggedal, med fem spelarar. Og ettersom alle andre på turneringa var gått heim, det var mørkt i hallen, dommaren var utslitt og knapt kunne stå oppreist og Heggedal ikkje hadde lyst til stort anna enn å dra heim denne laurdagskvelden, slo me til med uventa bra spel og tok kampen til tre sett, bare for å understreke kor sporty me er.
Alle fem kampane me spelte i løpet av den lange dagen endte med tap, trass mykje godt spel og nokre vunne sett. Det mangler likevel dei harde avslutningane og det siste av offervilje og laginnsats på opplukking som skal til for å vinne kampene. Me endte til slutt på 17. plass og rykker dermed direkte ned i tredje divisjon. Men, tatt i betraktning det nye seriesystemet er det duka for ein divisjon med jamnare motstand for oss neste år, og med den gode utviklinga me har hatt blir det ein spennande sesong!
Sundag 21.februar var det beskjedent oppmoete i Engebraathallen, og Anne Mari fekk sin ilddaap som ein av seks paa laget. Som vanleg hadde Marianne mykje aa jobbe med naar mottaka gaar i ymse retningar, men det kom seg etterkvart, og me fekk til ein del gode angrep. Alle gjorde ein kjempeinnsats, og trass ein laber start gjekk det betre og betre, med 10 – 15 og 23 poeng i poeng henholdsvis. Selvsagt kunne me og ha vunne naar me foerst var i gong, men no blei det ikkje saann. Likevel, alle jobba hardt og var flinke til aa plukke i kampen mot Bislett-damene.
Mot dei fem Halden-damene var selvtilliten paa topp, og me satte i gang med like bra spel som i foerste kampen. Ei stund vart det litt kluss med oppstilling og i konsekvensen av det tapte me eit poeng i bytte for eit gult kort, men ettersom det ikkje var med vilje fraa vaar side var det bare aa glemme det og fortsette spelet. I setta vart det 18 – 22 og 21 poeng til oss, saa det held liksom ikkje heilt inn. Men det var mykje bra spel ogsaa her, og trass i at fleire foelte dei gjorde mange personlege feil var det ikkje smittsomt til heile laget og laginnsatsen var bra. No er det bare aa kjoere paa i dei to siste kampene til helga!
Paa banen: Marianne, Anne Mari, Tessa, Margreta, Svanhild og Lene, kjempeinnsats paa sidelinja: Sara
Søndag 24.januar tok Myrerdamene turen til yndige Skreia for å spela to kampar på rappen og dra heim att til ymse avtaler i Oslo. Problemet var at Sentrum hadde fått akkurat same lovnadene, og etter heftig diskusjon frå alle lag tilstades trakk Myrer det kortaste strået og fekk eit par timar ekstra venting i Skreiahallen. Det var no so at arrangørane hadde rota med opplegget då dei skulle flytta kampen i herrer 1-divisjon, men at Skreia-herrene var så usporty som tilskodarar og funksjonærar var uventa. Frå publikum, linjedommarar og sekretariat kom det usportslege kommentarar som gjorde stemninga skikkeleg tung.
MEN! Etter å ha tapt for Sentrum med begredelige 14, 15 og 7 poeng i ein kamp der nettet må ha vore uforholdsmessig høgt eller hatt ein ballmagnet i seg, gjorde alt det usportslege rundt banen sitt til at damene tok seg sammen og jammen skulle visa at me kunne spele volleyball. Og med ny strategi der liberoen tok over etter det første upresise forsvarsspelet nokon gjorde, vann me jammen meg eit sett mot Skreia og viste mykje bra spel. Svanhild hadde ei nydeleg serverekke og det var mykje bra jobbing på golvet. Settsifra vart 25-19, 19-25, 25-22 og 25-16, og lover bra for dei siste kampane for sesongen.
Med til Skreia: Marianne, Tessa, Svanhild, Grete, Hilde, Margreta og Lene
Etter juleribbe og anna kos spelte damelaget første kampane i 2010 i Kringsjåhallen lørdag 16.januar. Motstandarane var Lier og Koll 3 som ligg ganske langt frå oss på tabellen, men det skremte ikkje oss. Me har ikkje så mykje å tape…. Mot Lier var det hardt å koma i gong, sjølv om det var stabil framgong frå sett til sett, frå 6 til 11 til 16 poeng… Det er vanskeleg å setja fingeren på nøyaktig kva som ikkje fungerte – det er betringspotensiale på alle område. Me glimta til med bra spel innimellom, men det var ikkje nok i denne omgang.
Koll 3 er dei me har tatt vårt einaste sett mot, og det var nok forventningar om at me kunne ta eitt igjen. Og frå første servene leda me faktisk med 4 poeng. Men sjølv om innsatsen var betre og me holdt oss stabilt til to-sifra poengsummar denne gongen, 16 – 12 – 16, tok me ikkje noko sett. Kluss med rotering førte til at me mista unødvendig mange poeng, og det hjalp heller ikkje at Randi tråkka over midt i ein supersmash og måtte forlate banen. Men det var gode takter med gode blokker og mykje god jobbing, sjølv om basisgreier som mottak og rotering burde sitja betre etterkvart… No – dette var oppvarminga, til helga i Skreia blir det betre!
Med Rank 2 i Engebråthallen og ein siste kamp mot Skreia heime i Kjelsåshallen er dei siste kampane for 2009 overstått. Rankingturneringa starta godt med siger i det første settet mot Koll 3. Me vann ikkje fleire sett den dagen, men var likevel godt nøgde med innsatsen – mykje bra spel og god stemning! Igjen hender det at me ligg godt an i byrjinga av settet, eller kjemper inn nokre poeng mot slutten, men taper likevel med knapp margin. Det var likevel gode takter og det lover bra for 2010 om ikkje julefeiringa tar altfor hardt på… Kampen mot Skreia kom mandagen etter rankingturneringa og satte punktum for 2009 med hederlig innsats men likevel eit siste tap.
For å få ein positiv overskrift er det best å fokusere på godt oppmøte på dugnaden mandag 16.november, då me ved hjelp av klapping og jubelrop i Store Studio tjente 2600 kroner til klubbkassa! Bra innsats alle sammen!
Sjukdom og fråvere har ført til kreativ lagoppstilling i dei tre siste kampane. I Halden 7.november tapte me 0-3 mot både Bislett og Halden, men stemninga var god, og to-leggarsystemet fungerte betre enn ein kanskje skulle tru etter at gymtime-systemet blei nedstemt.
Torsdag 19. tok me imot Lier på heimebane i treningstida, men av ein eller gong var det lavere under taket enn det pleier å vera på trening… Sjukdom førte til kreativitet i oppstillinga her og, og kreativiteten spredde seg både til mottak, opplegg og avslutningar. Me fekk 10 poeng i begge dei første setta, men i tredje sett slo me til og leda frå det første poenget. Til slutt endte me likevel på 17 poeng, men det var tydeleg at samspelet betra seg utover i kampen og det er potensiale. Me kan i alle fall bare klatre på tabellen!
24 oktober var det igjen tid for volleyballkampar, med 3 innbyttarar denne gongen! Storveges. Første kampen gjekk mot Koll 3, og jammen slo ikkjeMyrerdamene til og vann 25-15 i første settet. Spelet satt godt og me lot ikkje Kolldamene kome i godt med sitt spel, før i andre, tredje og fjerde settet… Siste settet tok me 20 poeng, mens me fekk 13 og 15 i dei to i mellom. Men kva gjer vel det så lenge me var nøgde med dagens innsats og tilogmed vann eit sett! Mot våre gamle vener i Sentrum var spelet jamnare, og første settet heldt me godt følge med sluttresultat på 23-25. Andre settet fekk me 16, og siste settet igjen 20 poeng. Alt i alt tapte me begge kampane, men det er kjekt å spela når motstanden er god og me likevel får til vårt eige spel i store deler av kampen. Og den beste bonusen er rekruttering på sidelinja- både Anne Marie og Cecilie stilte opp med sine søte små og skapte god stemning. No er det to veker å trene på til neste kamphelg!
17 Oktober gjekk dei to første seriekampane for damelaget av stabelen i Kringsjåhallen, og i motsetnad til herrelaget byrjar damelaget sesongen nederst på tabellen etter to tap… Første kampen gjekk mot OSI 3 som me slo 2-1 i rankingturneringa. Men denne gongen stilte studentane sterkare og slo oss 3-0. Igjen satt ikkje mottaka våre som dei skulle, og i det heile tatt fekk me ikkje til spelet i denne kampen trass gode innslag og god innsats på uvante posisjonar. Neste kamp gjekk mot Groruddalen, og i det første settet holdt me godt følge med dei erfarne damene. På eit tidspunkt var stillinga 15-15, og det såg lyst ut. Derifrå tok imidlertid spelet ei heilt anna vending og me tok berre fire fleir poeng i settet. I dei siste to setta fekk me ikkje mange poenga, og kampen endte til slutt 3-0. Men til helga er det nye kampar og nye sjansar!

3 og 4 oktober stilte akkurat mange nok Myrer-damer til første rankingturnering og første kampar for sesongen i Askimhallen. I god stil kom me godt i gong og overraska både OSI 2 og oss sjølve med skikkeleg bra spel som dessverre ikkje heldt heilt ut, og me tapte til slutt 0 – 2. Same resultatet vart det mot Hønefoss, som hadde like kinkige server som OSI 2 (eller så var det noko med mottaka våre…) Men i kvalifiseringskampen tok me oss saman og slo OSI 3 2 – 1.
Desse resultata medførte at den lange turen over jordene til Askim på søndagen hadde det edle mål å unngå 17.plassen… Men godt hjulpne av eigen dansk heiagjeng og polsk fotograf slo me til og vann over både OSI 4 og Valler med 2 – 0. Med to tap og tre sigrar endte me dimed på 15.plass av dei 21 laga. Med litt kamp- og mottakstrening kan det lett bli betre, og det blir det!
Read more »